Er du vår nye pedagog?
Me søkjer engasjerte lærarar som har Montessori pedagogikk eller som ønskjer å ta ei Montessori-utdanning hos oss.
Kvifor bli Montessori-lærar hos oss?
Gratis utdanning
Me dekkjer studieavgifta knytt til Montessori-utdanninga di.
Sikker jobb
Etter fullført utdanning ventar ein fast stilling ved skulen vår.
Fagleg utvikling
Bli ekspert på Montessori-pedagogikk og alternative læringsmetodar.
Unikt miljø
Ver med på å bygge opp ein skulekultur frå grunnen av.
Om stipendiatet
Stipendiatet gjeld eit utdanningsløp hos den internasjonale skulen Waterpark Montessori i Oslo som enten sertifiserer ein for 1-4 kl eller 5-7 kl i første omgang.
Utdanninga er ei familievenleg deltidsutdanning som ein kan kombinere med jobb, og strekk seg over 10-15 mnd alt etter tempoet som passar studenten. Oppstarten er ein fleksibel på og kan allereie starte i april om ein ønsker det, seinast oppstart er i september.
Det meste av studie foregår over internett, med eit par fysiske samlingar i året (haustferie og vinterferie, eller om sommaren om ein startar no i april). Ein kan og ta begge modulane, men då vert utdanninga gjort over 2 år. Me vil finansiere begge alternativa.
Waterpark Montessori er ein av dei mest anerkjente Montessori skulane i Noreg og har eit godt rykte. Skulen har nettopp opna ein avdeling på Os og vil koma på besøk til oss 28.mars kl.18 på Foldrøy skule for å informera alle som melder intreresse meir om utdanningsløpet.
For meir informasjon om Waterpark Montessori, sjå https://waterparkmontessori.com/

Om prosessen
Me ber alle som kunne tenke seg å arbeide med Montessori pedagogikken om å ta kontakt så snart som mogleg for meir informasjon. Deretter vil me innleie samtalar med alle som melder si interesse for å gi meir informasjon og for å bli betre kjent. Waterpark vil bistå oss i prossesen og gi alle den informasjonen dei treng. Me vil dekke skulepengane, det einaste lærarane må ordne sjølv er reise, opphald og mat under dei to fysiske samlingane i Oslo.
Prosessen er sjølvsagt uforpliktande, og i løpet av våren vil me kunne signere ein kontrakt med dei som ønsker gratis utdanning og ein jobb på den nye skulen vår når ein er ferdig utdanna hausten 2026.
Me har satt ein søknadsfrist til 15. april 2025 men me vil gjennomføre jobbintervju forløpande, så ikkje vent for lenge med å ta kontakt.
Om Foldrøy Montessoriskule
Foldrøy Montessoriskule er Bømlos første friskule og opnar hausten 2026. Me vil tilby eit pedagogisk alternativ basert på Maria Montessori sine prinsipp om sjølvstendig læring, respekt for barnet og tilrettelagd læringsmiljø.
Skulen vil ha plass til 70 elevar og for å kunne starte opp med eit sterkt fagleg grunnlag, søkjer vi no etter engasjerte lærarar som vil bli ein del av teamet vårt og få Montessori-utdanning gjennom stipendordninga vår.
Skulen er tufta på frivillegheit og eigd 100% av Foldrøy Grendautval. Drifta vil verta finansiert av UDIR i tråd med privatskulelova.
Viktige datoar:
- Tidleg oppstart Montessori-utdanning: April 2025
- Normal oppstart Montessori-utdanning: September 2025
- Skulestart: Hausten 2026

Styret i Foldrøy Montessoriskule: Roy Arne Fylkesnes, Ingunn Elise Sørvik, Linn Iren Størkson Hidle,
Nils Ragnar Vika, Elisabeth Gjøsæther Løkling, Per Arnt Hope og Marita Koldal Stølen.
Foto: Hege Sønstabø Alvsvåg
Vil du vite meir?
Kontakt vår styreleiar, Roy Arne Fylkesnes.